Om Ølve Montessoriskule

Me tilbyr et undervisningsalternativ for barn og unge, som byggjer på Maria Montessoris pedagogiske prinsipp, der barnet står i sentrum.

Skuledagen tek til 8.15 og sluttar 14.15 kvar dag for alle årstrinn.

 

Med unntak av kroppsøving og mat og helse, jobbar elevane med alle fag i klasserommet i to arbeidsøkter. Den fyrste økta er frå 8.15-11.00 og den andre frå 12.30-14.15. I desse arbeidsøktene arbeider elevane med ulike ting og på ulike måtar. Det vert gitt presentasjonar, arbeidd individuelt og i grupper, med store prosjekt eller små arbeid.

Kvar torsdag er det uteskule for heile gruppa.

Då arbeider ein med tema frå arbeidsplanen ute fram til lunsj, og når det ikkje er bålforbod er det stort sett lunsj ute.Frå 11-11.30 er det matpause. Då et borna saman på kjøkenet. Her er eit godt utval brød, korn og knekkebrød, og mjølk. Det er borna sjølve, saman med ein vaksen, som lagar til smørjemåltidet. Av og til er det varmlunsj.

 

Etter lunsj er det ein time utetid. Uteområdet er stort og variert, og det er god tid til leik. Me har drivhus, hønsehus og grillhytte på området.

Aktivitetar knytt til dette er ein del av vår pedagogiske plan og ein viktig del av heilskapstanken. 


Borna har stor fridom til å velje i læringsprosessen, fordi ein veit at born lærer lettare når undervisninga er tilpassa kvart enkelt barn. For å kunne treffe dei sensitive periodane, må barnet bli gitt fridom i stor grad. Fridomen kan brukast til å velje arbeid, men ikkje til å ikkje gjera noko. Fridomen er avgrensa til handlingsrommet i eit tilrettelagt miljø med veltilpassa materiell. 


Bildegalleri

Share by: