Ølve Montessoriskule er ein privatskule, 1.-7. klasse, som ligg i den vesle bygda Ølve i Kvinnherad kommune. Skulen vart starta i 2013, då Ølve Skule vart lagt ned. Skulen har i skuleåret 2024/2025 22 elevar, og 6 tilsette. Elevane kjem i hovudsak frå bygda, men me har òg nokre elevar frå andre kommunar. Me er ein heildagsskule, 8.15-14.15 kvar dag, utan lekser, og driv etter montessoripedagogikken, utvikla av Maria Montessori.
Det kostar ingenting å vera elev hjå oss, men ein betalar 1500 kr per halvår for lunsj, frukt og mjølk,
dersom ein ynskjer det. Du kan lesa meir om skuledagen og pedagogikken vår andre stader på sida.
Ta kontakt dersom det er ting du lurar på, eller vil koma på besøk!
På Ølve Montessoriskule driv me etter Maria Montessori sin pedagogikk. Har får borna arbeida i to lange økter, og materiellet me nyttar er spanande og fint. Skulen er open frå kl. 08.00 – 14.30 kvar dag. Den tek til klokka 08.15, og sluttar 14.15. Borna har fast kjernetid frå kl. 08.15 – 11.00 og 12.30-14.15. Onsdag er det uteskule før lunsj.
Innanfor kjernetida vil me halda felles eller individuelle presentasjonar både innan dei prosjekta det vert arbeidd med og med ulike typar montessorimateriell. Det vert gitt presentasjonar og arbeidd med alle fag. Faga er integrert i den individuelle arbeidsplanen. Det er berre fag som kroppsøving, symjeopplæring og mat og helse som er utanfor kjernetida.
Me et lunsj frå kl. 11.00 til kl. 11.30. Måltidet skal vera ei hyggjeleg fellesstund. Borna har som del av sine arbeidsoppgåver å gjera klar til smørjelunsj dagleg. Dei lagar ein buffèt med pålegg og brød, korn og nøtter. Nokre gongar har me varm lunsj. Etter lunsj har alle ein klokketime med fri leik ute. Det er viktig at borna alltid er kledd for uteaktivitetar, uansett vær. Me er lenge ute, og det kan vera både surt, kaldt og vått, men veldig kjekt! Når me er godt kledd er det fint å ha god tid til å leika ute.
Skulen har eit unikt uteområde. Her har me nærleiken til naturen, gode område for ballspel og fleire leikeapparat. Me har òg både drivhus, høner og grillhytte på området. Aktivitetar knytt til drivhus og stell av høner er ein del av vår pedagogiske plan, og ein viktig del av heilskapstanken.
Av og til treng eleven fri, og kontaktlærarar kan gje fri inntil to skuledagar. Dette kan ein gje beskjed om i meldingsbok eller på e-post til lærar. Dersom eleven skal ha fri meir enn to dagar, skal det søkjast om til skulen. Ein kan søkja permisjon for maksimalt to veker (ti skuledagar). Søknadskjema og meir informasjon finn du her.
Ølvesvegen 461,
5637 Ølve
53 48 7801/92 48 53 09
post@olvemontessori.no