Montessori-pedagogikken
Montessoripedagogikken vert kjenneteikna ved ein heilskapstankegong for barnet og barnet si utvikling, psykisk og faglig.
På bakgrunn av eigne studiar og observasjonar utvikla Maria Montessori ein metode som både omhandlar pedagogikk og hennar grunnleggjande filosofi. Den norske grunnskulen, og spesielt den nyaste læreplanen, inneheld enkelte element me kjenner att frå montessoripedagogikken, men heilskapssynet manglar. Det er sjølve særpreget ved montessoriskulane. Pedagogikken byggjer på Maria Montessori sin filosofi om korleis alt har ei større tyding; ikkje berre som verdi i seg sjølv, men òg i forhold til alt anna. Om korleis universet vart til og grunnlaget skapt for planter, dyr og mennesket sin eksistens. Om kor viktig kvart enkelt individ er i den totale samanhengen. Nokre av dei viktigaste grunnpilarane i pedagogikken er respekt for enkeltindividet og deira utvikling, det tilrettelagte miljø, montessorimateriell, og aldersblanda grupper. Maria Montessori observerte at barnet utviklar seg gjennom fasar; som alle foreldre veit, såg ho at barnet interesserer seg for ulike ting avhengig av alder. Ho observerte òg at interesseforandringa følgde eit visst mønster, som er det same for alle normale born, frå den aller tidlegaste vilja til å eta sjølv, læra seg å gå og vidare til interessa for lesing, matematikk, verda og verdsrommet. Ho kalla desse fasane for dei sensitive periodane. Pedagogikken møter det enkelte barnet i sin sensitive periode. Barnet si nysgjerrigheit og forskartrong, oppdagingsglede og iver etter å prøve ut, og lære nye ting vert godt ivareteken. Dette er eit av hovudpunkta i montessoripedagogikken. Under dei sensitive periodane er det den vaksne sitt ansvar og oppgåve å observere barnet for å gje den rette stimulans på riktig tidspunkt. Slik tek me vare på læringsgleda og barnet sin naturlege kreativitet gjennom heile skulegongen.
Fridom, sjølvstende og orden
Barnet har ei stor grad av fridom til å velje i læringsprosessen fordi ein veit at barn lærer lettare når undervisninga er tilpassa det enkelte barn sitt utviklingsnivå. For å kunna treffa dei sensitive periodane, må barnet bli gitt fridom i stor grad. Fridom til å velja arbeidsoppgåve, samarbeidspartnarar og moglegheit til å arbeida uforstyrra og uavbroten over ein lengre tidsperiode. Fridomsomgrepet i montessoripedagogikken kan lett missforståast om ein ikkje understrekar at fridom tyder fridom til noko, og ikkje fridom frå noko. Ingen kan velje å ikkje gjere noko. Den enkelte sin fridom må ikkje gå på kostnad av dei andre sin fridom. Fridomen er avgrensa til handlingsrommet i eit nøye tilrettelagt miljø med veltilpassa materiell.
Det tilrettelagte miljøet
Det tilrettelagte miljøet er eit av grunnprinsippa i montessoripedagogikken. Miljøet inkluderer klasserommet, materiellet og læraren, samt andre vaksne i miljøet og medelevar.
Gjennom miljøet får barnet stimuli og inspirasjon, det vert gitt tryggleik ved at alt har sin faste plass og er lett å finne. Rommet er innreia etter fag, og har individuelle fargekodar. Barnet må vite kvar bøker, materiell og midlar til informasjonshenting er, slik at han/ho kan planlegge og fullføre dei arbeidsoppgåver han/ho har starta. Difor er det svært viktig at borna tek ansvar for eige klasserom- og skulemiljø gjennom faste arbeidsoppgåver.
Meistrings-glede
Ein tek vare på barnet si naturlege interesse for å arbeida når interessa får vere motiv for å søkja kunnskap. Då vil sjølv svært små barn gå inn i djupt konsentrert arbeid over lengre tid. Born lærer gjennom repeterande øvingar. Det er nesten som dei elskar å repetera oppgåver dei meistrar. Dersom ein respekterer desse fundamentale sanningane, vil ein skape eit miljø og ei atmosfære der barnet får utvikla seg til harmoniske og sjølvstendige menneske.
Montessori-materiell
Hendene er hjernens redskap ( Absorbent Mind, Maria Montessori) Alle treng hjelp til å læra, men sjølve innlæringa må ein kvar klare på eiga hand. Maria Montessori utvikla undervisningsmateriell som på ein konkret måte vil hjelpa barnet på vegen til å forstå eit abstrakt omgrep. Montessorimateriellet er utvikla for born frå to-tre år og oppover. Gjennom det sansemotoriske materiellet vert alle sansar stimulert. Materiellet føl ei logisk oppbygging med stigande vanskegrad og er sjølvkorrigerande. Ikkje minst det siste er viktig i forhold til barnet si meistringsglede og utvikling av eige sjølvbilete. Materiellet er å rekne som eit hjelpemiddel og ein viktig del av heile forståinga av pedagogikken. Alt materiell er av god kvalitet og verkar tiltrekkjande på born når det innbyr til bruk. Det er eit av bornet sine oppgåver til ei kvar tid å sørgje for at materiellet er i orden og syte for at det vert lagt tilbake på sin plass etter bruk. Bornet lærer seg tidleg å dela eller å venta på tur sidan det normalt berre er eitt eksemplar av kvart materiell. Det vert lagt vekt på at materiellet ikkje vert brukt til anna enn det det er meint for, slik at arbeidet skal bli meiningsfullt.Materiellet vert presentert for bornet, eitt for eitt, anten i gruppe eller individuelt. Det vert valt av læraren etter bornet sin alder og sensitive periode.