Søknadsfrist 15. februar!
Hos oss får elevane utfordra både kropp og hovud, i eit tilpassa miljø, både ute og inne.
Skulen er gratis, og det er gratis skuleskyss uansett kvar eleven bur!
Me kan tilby:
- Ein leksefri skule
- Stort fokus på friluftsliv
- God oppfylgjing av kvar enkelt elev
- Smørjelunsj med frukt og mjølk
- Dyktige montessorilærarar
- Varierte arbeidsmetodar
- Lyse og store rom, og eit flott uteområde med kort veg til sjø og skog
Ølve Montessoriskule
Ølve Montessoriskule er eit godt alternativ til den offentlege skulen. Me har elevar både frå nærområdet og bygdene rundt. Her er godt utdanna lærarar og assistentar, som syt for at kvardagen er lærerik og spanande. Uteskule er ein viktig del av skulekvardagen, og me flinke å nytta både nærmiljø og områda rundt, i undervisningssamanheng. Me har høner, drivhus og grillhytte på skuleområdet, som alle er viktige for heilskapstanken.
Her kan du søkja elevplass ved Ølve Montessoriskule, eller ta kontakt på telefon 53 48 78 01 for meir informasjon!
Ølve Montessoriskule er godkjend av Utdannningsdirektoratet som eit fagleg pedagogisk alternativ til den offentlege skulen.
Læreplan
Me har ein læreplan som foreinar montessoripedagogikken med dei krava som vert stilt i opplæringslova.
Naturleg utvikling
Borna sin progresjon er individuelt tilpassa innanføre rammene i læreplanen. Me vil byggja på den naturlege lærelysta ein finn hjå alle born, og stimulera til læring og personleg utvikling.